top of page

VEDTEKTENE

Visste du at Studentsamfunnet i Sogndal har som formål å forbedre studiekvaliteten din? Eller at Generalforsamlingen er det øverste organet i organisasjonen?  Eller at vi har eit kumlokk som skal være synlig for alle medlemmene når kontoret er åpent?

I vedtektene våre kan du lese meir om rammene for hvordan Studentsamfunnet i Sogndal vil forbedre din studiehverdag!

§ 1 Organisasjon

§ 2 Formål

§ 3 Definisjoner

§ 4 Målform

§ 5 Kontingent

§ 6 Medlemskap

§ 7 Frivillige

§ 8 Generalforsamling

§ 9 Val

§ 10 Valkomité

§ 11 Styret

§ 12 Strategi og handlingsplan§ 13 Divisjonane og undergrupper

§ 14 Alminnelege avgjersle

Vedtekter - kort forklart:

 

Vedtekter er en form for avtale som inneholder grunnleggende regler for hvordan en organisasjon skal drives.

Vedtektene spesifiserer oftest organisasjonsstrukturen, opprettelsen av et styre, maktfordeling, formålet med organisasjonen og mer.

§ 1 Organisasjon

  • 1-1 Organisasjonens namn er Studentsamfunnet i Sogndal.

  • 1-2 Studentsamfunnet i Sogndal er en uavhengig og frivillig drevet organisasjon som skal legge til rette for kulturverksemd for studentane i Sogndal.

  • 1-3 Organisasjonen har sin tilknyting til Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. 

  • 1-4 Studentsamfunnet i Sogndal er partipolitisk uavhengig. 

  • 1-5 Studentsamfunnet i Sogndal er ein organisasjon som arbeider for rettighetene til LHBTQ+, og som markerer vår støtte.

 

§ 2 Formål

  • 2-1 Studentsamfunnet i Sogndal skal arbeide for at studiekvaliteten vert forbetre gjennom studentsosiale aktivitetar. Studentsamfunnet i Sogndal har som føremål å utvikle den sosiale kontakten mellom studentane og resten av høgskule- og forskingsmiljøet i Sogndal.
     

§ 3 Definisjonar

  • 3-1 Medlem: Alle personer med medlemsrett som har betalt medlemskontingent for inneverande semester.

 

  • 3-2 Medlemsbevis: Digitalt bevis på medlemskap.

  •  

  • 3-3 Internt medlem: Medlem av ei undergruppe som deltar i undergruppa sin aktivitet i tråd med Undergruppas gjeldende retningslinjer. Divisjonsleder og undergruppeleder er ansvarlig for at det eksisterer konkrete retningslinjer.

 

  • 3-4 Frivillig: Med frivillig menes medlemmer som har skrevet under kontrakt med Studentsamfunnet i Sogndal, og overheld plikter og rettigheter som fremgår i denne kontrakten. Eller er internt medlem i ei undergruppe i divisjon drift, divisjon arrangement eller divisjon informasjon.

 

  • 3-5 Generalforsamling: Generalforsamlinga er det overordna beslutningsorganet til Studentsamfunnet i Sogndal.

 

  • 3-6 Styret: Styret er det overordna beslutningsorganet til Studentsamfunnet i Sogndal mellom Generalforsamlingane. Styret skal ivareta drift i henhold til Studentsamfunnet i Sogndal sine vedtekter og styringsdokumenter.

 

  • 3-7 Settevara: Eit styremedlem som sitter midlertidig i sin stilling. Ein settevara, valgt av styret, har ikkje stemmerett.

  • 3-8 Kumlokket: The Dogs-kumlokket kjøpt av informasjonsansvarleg i 2019. 

  • 3-9 Aktiva: Aktiva omfatter gjenstander og rettigheter som har formuesverdi i organisasjonen.

 

§ 4. Målform

  • 4-1 Studentsamfunnet i Sogndal er ein organisasjon som er språkleg nøytral. Alt skriftleg materiell skal veksle mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent. Alle innkomne skriv skal ha svar på målforma nytta i det innkomne skrivet.

​​

§ 5. Kontingent

  • 5-1 Medlemskontigenten skal betalast når ein kjøpar medlemskap hos Studentsamfunnet i Sogndal jf. kjøpsbetingelsene for ulike typer medlemskap som Studentsamfunnet i Sogndal tilbyr. Medlemskontigenten skal fastsetjast av Generalforsamlinga kvart år.

 

§ 6 Medlemskap

  • 6-1 Alle studentar, tilsette og styremedlem ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), tilsette og styremedlem i Studentsamskipnaden på Vestlandet (SAMAN), Vestlandsforsking og elevar ved Sogndal folkehøgskule som er over 18 år, har rett til å verte medlemmer i Studentsamfunnet i Sogndal. Dei som er evig medlem må aktivere medlemskapet sitt kvart studieår. Ektefelle/sambuarar til dei nemnte har og høve til å verte medlemmer. Styret kan også innvilge medlemsrett til personar som ønsker å være medlem, men ikkje fyller krava satt i denne paragrafen så lenge det ikkje strider mot andre vedtekter.

 

  • 6-2 Medlem er alle personer med medlemsrett, og som har betalt medlemskontingent for inneverande semester. Medlem er også dei med evig medlemskap som har aktivert sitt medlemskap for semesteret, ved søknad til styret. Støttemedlemskap telles ikke som ordinært medlem. Når ein nyttar seg av medlemsfordelane til Studentsamfunnet må ein vise gyldig medlemsbevis. Misbruk av medlemsbevis fører til ekskludering.

 

  • 6-3 Alle medlemmar i Studentsamfunnet i Sogndal skal delta på medlemsvakt ein gong i løpet av eit semester. Dersom medlemsvakta ikkje vert gjennomført vil dette medføre at ein mistar sitt medlemskap. Tilsette ved HVL, Vestlandsforsking, SAMAN samt evige medlemmar i Studentsamfunnet i Sogndal er unntatt fra krav om medlemsvakt. Styret er ansvarlege for at det eksisterar eit konkret reglement, der diverse tillitsverv i Studentsamfunnet i Sogndal kan unntakast medlemsvakt.

 

  • 6-4 Personar som ikkje er medlemmer har tilgjenge på enkelte arrangement, men lyt betala høgare billettpris enn medlemmer.

 

  • 6-5 Alle tidlegare styremedlem på Studentsamfunnet i Sogndal som har sete i styret gjennom ei hel valperiode, eller blitt stemt inn på ei ekstraordinærgeneralforsmaling, er evig medlem.

 

 

  • 6-6 Styret på Studentsamfunnet i Sogndal har fullmakt til å innvilge evig medlemskap til personar som har gjort ein særskild innsats for Studentsamfunnet i Sogndal.

 

  • 6-7 Personar som har fått innvilga evig medlemsskap er unntatt krava for medlemsskap i paragraf 6-2. 

​​

§ 7 Frivillige

  • 7-1 Frivillige sin forplikting, rettigheter og godtgjørsler regulerast av stillingsinstrukser etter egne retningslinjer. Styret har ansvar for utforming og eventuelle endringar av stillingsinstruks i samråd med gruppas medlem.

 

  • 7-2 De frivillige organiserast av styret i grupper som skal ivareta de ulike oppgåvene knytt til Studentsamfunnet i Sogndal.

​​

§ 8. Generalforsamling

  • 8-1  Generalforsamlinga er det høgste organet på Studentsamfunnet i Sogndal. Den set opp retningslinjer for komande periode.

 

  • 8-2 Alle som kan vere medlem (jfr. § 6-1.) på Studentsamfunnet i Sogndal, har rett til å møte på Generalforsamlinga. Alle medlemmer har tale, forslags og stemmerett. Alle oppmøtte har talerett og kan innvilges forslagsrett ved alminnelig fleirtal i Generalforsamlinga.

 

  • 8-3 Fristar.

Ordinær Generalforsamling skal avviklast innan utgangen av april.

  1. 21 dagar før Generalforsamling skal første innkalling sendes ut til alle medlemmer. Denne skal innehalde dato, tidspunkt og informasjon om korleis ein sender inn saksforslag til Generalforsamling.
     

  2. 14 dagar før Generalforsamling skal alle saker og vedtektendringer som ein ynskjer å ta opp skal vere styret i hende.
     

  3. 7 dagar før Generalforsamling skal sakslista og forretningsorden leggjast fram.
     

  4. Protokollen frå Generalforsamlinga skal gjøres offentlig så snart som råd etter den er godkjent av protokollunderskrivere, og senast fire veker etter Generalforsamlingas slutt.

 

  • 8-4 Vedtektsendringar

Vedtektsendringar vert vedteke av Generalforsamlinga og må skje med 2/3 fleirtal. Generalforsamlinga avgjer tidspunkt for når vedtektsendringane skal setjast i kraft, og ikkje seinare enn 6 månader etter Generalforsamlinga. Vedtektsendringar som medlemmer vil fremma på Generalforsamlinga må sendast til styret seinast 14 dagar før Generalforsamlinga. Berre vedtektsendringsforslag som er innlevert innan denne fristen kan takast opp på Generalforsamlinga.

​​

  • 8-5 Dagsorden

Generalforsamlinga skal innehalde følgjande saker:

  • Val av møteleiar og referent

  • Godkjenning av innkalling og saksliste

  • Årsmelding

  • Rekneskap for føregåande rekneskapsperiode, kontingentsatsar i komande periode, etter innstilling frå styret.

  • Vedtektsendringar.

  • Godkjenning av styret sin rapport frå arbeidet med handlingsplanen.

  • Godkjenning av handlingsplan for komande styreperiode

  • Val av:

    • Styreleiar

    • Nestleiar

    • Økonomiansvarleg

    • Styremedlem Arrangement

    • Styremedlem Drift

    • Styremedlem Informasjon

    • Styremedlem Booking

  • Innkomne saker.

​​

  • 8-6 Ekstraordinær Generalforsamling

  1. Styret kan innkalle til ekstraordinær Generalforsamling.

  2. Minst 10% av medlemmene, ved skriftlig søknad, kan krevje at styret innkallar til ekstraordinær generalforsamling.

  3. Krav om ekstraordinær Generalforsamling skal innehalde oversyn over kva saker som krev handsaming. Er det ikkje oppgjeve kva saker som skal handsamast, vert ikkje kravet om ekstraordinær Generalforsamling sett på som gyldig.

  4. Styret innkallar til ekstraordinær Generalforsamling med minst 14 dagar varsel.

  5. Ekstraordinær Generalforsamling skal bare behandle den/de sakene som gjør ekstraordinær generalforsamling nødvendig.

  6. Dersom krav om ekstraordinær Generalforsamling blir sett på som gyldig skal styret utan ugrunna opphald kalle saman til ekstraordinær Generalforsamling

 

§ 9 Val

  • 9-1 Alle medlemmer er valbare, om ikkje anna går frem av vedtektene eller mandat.

 

  • 9-2 Valmåte

  1. Alle val er personval. Val i blokk er ikkje tillat.

  2. Ingen kandidatar kan fremjas mot sin vilje. Dersom kandidaten ikkje er tilstade under valet, må stadfesting på kandidaturet levers til styret før Generalforsamling

  3. Dersom kandidaten ikkje kan stille fysisk, skal det tilretteleggjast for digital deltaking

  4. Val går føre seg skriftlig, eller ved akklamasjon dersom det bare er ein kandidat.

  5. Dersom valet er ugyldig skal det foregå eit gjennval.

 

  • 9-3 Valmetode ved skriftlig val:

Dersom val går føre seg skriftlig nytta ein stemmesetlar, og stemmer blir gjeve etter kandidatane er presentert. Bare nominerte kandidatar kan føres opp på stemmesetelen.

Kandidatar man ønsker å stemme på vert skreve på stemmesetelen i prioritert rekkefølge og nummerert 1, 2, 3 osv.., der 1 er høyste prioritering. Stemmesetlar som inneheld andre namn enn kandidatanes og unummererte stemmesetlar blir kasta.

Ved oppteljing gis første prioritering vekttall 1/1, 2. Prioritering vekttall 1/3, 3.prioritering vekttall 1/5, 4. Prioritering vekttall 1/7, 5. Osv.

Vekttallene summerast til kandidatanes stemmetall. Den kandidaten med høyst stemmetall blir vald. Ved stemmelikskap gjennomførast valet på nytt. Dersom det fortsatt er stemmelikskap etter andre valgrunde vert valet avgjort ved loddtrekning.

 

  • 9-4 Kandidatar til verv må ha minst 1/3 av stemmene for å bli valt.

 

  • 9-5  Dersom Generalforsamlinga ikkje får vald inn personar til eit eller fleire verv i styret har Generalforsamlinga muligheit til å sette inn ein settevara i det eller dei verva som manglar. Det kan ikkje sitte meir en tre settevara på samme tid i eit styre.

 

§ 10 Valkomité

  • 10-1 Styret skal innan utgangen av februar setje ned ein Valkomité som skal førebu val på Generalforsamlinga. Om det trengs supplering til styret i november/desember, skal styret setje ned ein valkomite i oktober.

 

  • 10-2 Samansetjing

Valkomiteen skal vere samansett av:

  • Minst to representantar frå kvart kjønn

  • Ein førsteårsstudent

  • Ein undergruppeleiar

  • Ein representant frå ein ekstern studentorganisasjon i Sogndal.

  • Ein representant på vegne av det sitjande styret.

Valkomiteen konstituerer seg sjølv, og på første møte skal det vere val av leiar for valkomiteen.

Representanten frå det sitjande styret kan ikkje stille som leiar i valkomiteen.

  • §10-3  Valkomiteen skal seinast 9 dagar før Generalforsamlinga ha lagt fram for styret, lister med aktuelle kandidatar til dei forskjellige styrepostane. Alle aktuelle og interesserte kandidatar skal være med på lista. Valkomiteen rangerer desse etter eige skjønn. Generalforsamlinga kan krevje skriftleg val.

  • 10-4 Valkomiteen til val

Valkomiteen kan ikkje stille til val.

 

  • 10-5 Rapport

To veker etter generalforsamling skal valkomiteen levere ein evalueringsrapport av sitt arbeid.

 

§ 11 Styret

  • 11-1 Funksjonstid

Styremedlemmar vert vald for eitt år. Styremedlemmar som ynskjer å sitja lengre i styret, kan etter eige ynskje stilla til attval. Styremedlemmar valde på generalforsamlinga trer inn i stillinga 1.juni. Styremedlemmer som trer ut av stillinga etter vårsemesteret sit i stillinga til og med 31.mai. 

 

  • 11-2 Styret består av:

    • Styreleiar

    • Nestleiar

    • Økonomiansvarleg

    • Styremedlem Arrangement

    • Styremedlem Drift

    • Styremedlem Informasjon

    • Styremedlem Booking

 

  • 11-3 Mynde

Styret er det høgste organet mellom Generalforsamlingane og skal sørgje for at vedtak som vert fatta på Generalforsamlinga vert realisert. Styret fattar vedtak med simpelt fleirtal. Kvar av styremedlemmene har ei stemme. Ved likt tal på stemmer har leiaren dobbeltstemme.

 

  • 11-4 Om eit styremedlem trekk seg frå styret, har styret muligheit til å sette inn ein settevara frem til neste ordinære Generalforsamling.

 

§ 12 Strategi og Handlingsplan

  • 12-1 Strategiplan

Studentsamfunnet i Sogndal skal drive etter ein langsiktig strategiplan. Denne skal rullerast på Generalforsamlinga kvart 3. år.

Endringar i strategiplanen skal opp til vedtak på generalforsamling.

 

  • 12-2 Handlingsplan

Styret på Studentsamfunnet i Sogndal skal arbeide etter ein handlingsplan. Denne skal rullerast på generalforsamling kvart år

§ 13 Divisjonane og Undergrupper

 

  • 13-1 Divisjonane

  • 13-1-1 Divisjonane

Studentsamfunnet i Sogndal har 4 divisjonar. Desse er:

  • Divisjon Drift

  • Divisjon Arrangement

  • Divisjon Informasjon

  • Divisjon Kreativ

  • Divisjon Booking

 

  • 13-1-2

Leiarane for divisjonane er; Styremedlem Drift, Styremedlem Arrangement, Styremedlem Informasjon, Styremedlem Booking og Nestleiar. Desse har det operative hovudansvaret og det økonomiske oppfølgingsansvaret for divisjonane på Studentsamfunnet i Sogndal.

 

 

  • 13-1-3

Leiarane for divisjonane har også ansvar for initiering av og tilrettelegging for nye aktivitetar som naturleg fell under divisjonane.

 

  • 13-1-4

Undergruppeleiarar vert valt demokratisk med alminneleg fleirtal av medlemmane i undergruppa, og deretter godkjent av styret. UGL Bar- og Vaktgjengen velges direkte av styret på Studentsamfunnet i Sogndal.

 

  • 13-1-5

Leiarane for divisjonane har møte- og talerett på alle møter i divisjonen sine undergrupper.

 

  • 13-2 Divisjon Drift

  • 13-2-1

Divisjon Drift har desse undergruppene:

  • Bar&Vakt

  • Teknisk

  • Vaktmester

 

 

  • 13-2-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Drift vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Drift ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

 

  • 13-3 Divisjon Arrangement

  • 13-3-1

Divisjon Arrangement har desse undergruppene:

  • Fest&Pynt

  • Quiz

  • DJ

  • Kulturkafè

Divisjon arrangement har i tillegg medansvar for Vekao. 

  • 13-3-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Arrangement vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Arrangement ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

  • 13-4 Divisjon Booking

  • 13-4-1

Divisjon Booking har disse undergruppene:

  • Artistvert

  • Divisjon Arrangement og Booking deler ansvar for VEKAO

  • 13-4-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Booking vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem med ansvar for Divisjon Booking ansvarlig for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

 

  • 13-5 Divisjon Kreativ

  • 13-5-1

Divisjon Kreativ har desse undergruppene:

  • Band

  • Dans

  • Podkast

  • Rollespel

  • Song

  • Studentklubben

 

  • 13-5-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Kreativ vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Nestleiar ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

 

  • 13-6 Divisjon Informasjon

  • 13-6-1

Divisjon Informasjon har desse undergruppene:

  • Foto&Pr

 

  • 13-6-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Informasjon vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Informasjon ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

 

  • 13-7 Divisjonsmøte

Kvar divisjon, med alle tilhøyrande undergruppeleiarar og tilhøyrande styremedlem, skal jamleg ha divisjonsmøter. Divisjonsmøta skal fungere som eit idé- og informasjonsforum.

 

  • 13-8 Evalueringsseminar

Styret skal ved slutten av kvart semester innkalle alle undergruppeleiarar til eit felles evalueringsseminar der det siste halvåret vert evaluert grundig. Dette seminaret bør og leggje planar for neste halvår.

  • 13-9

Ved ynskje om å opprette ei ny undergruppe, kan det søkast til styret ved Studentsamfunnet i Sogndal om å opprette ei prøveordning fram til neste generalforsamling.

 

  • 13-9-1

For at prøveordninga skal vurderast, må det framvisast ein prosjektplan. Denne skal innehelde ein ansvarsperson, namn på gruppa, kva gruppa skal gjere og etterspørsel for dette tilbodet.

Styret vedtar kva for ein divisjon prøveprosjektet tildeles.

 

§ 14 Alminnelege avgjersle

  • 14-1 Eksklusjonar

Ingen medlemmer av, eller sympatisørar for organisasjonar som står for eit klart nazistisk, rasistisk eller diskriminerande standpunkt, har høve til å bli medlemmer av Studentsamfunnet i Sogndal. Styret har rett til å ekskludere medlemmer som har eit slikt standpunkt, og enkeltpersonar som står for eller ytrar nazistiske, rasistiske eller diskriminerande standpunkt.

  

  • 14-2 Kumlokket

Kumlokket skal vere lett synlig for aktive under kontorets åpningstid. Dersom kumlokket skal lagrast ein plass der det ikkje er synlig, kan det berre skje med fleirtal på Generalforsamling.

 

  • 14-3 Oppløysing

Oppløysing av Studentsamfunnet i Sogndal kan berre skje med 3/4 fleirtal på Generalforsamlinga. Aktiva skal i så fall tilfalle Studenttinget på Vestlandet region Nord til beste for studentane i Sogndal si velferd.

 

  • 14-4 Iverksetjing

Desse vedtektene trer i kraft frå 19. april 2024, og erstattar frå det tidspunktet gamle vedtekter.

bottom of page