19. May 2013

Vedtekter

Vedtekter for SiS

Studentsamfunnet i Sogndal
§1. FØREMÅL
§1 1

Studentsamfunnet i Sogndal skal arbeide for at studiekvaliteten vert forbetra gjennom studentsosiale aktivitetar. Studentsamfunnet i Sogndal har som føremål å utvikle den sosiale kontakten mellom studentane og resten av høgskule- og forskingsmiljøet i Sogndal.

§ 2. MEDLEMSKAP
§ 2.1

Alle studentar, tilsette og styremedlemmer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, tilsette og styremedlemmer i studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking og elevar ved Helgheim folkehøgskule som er over 18 år, har rett til å verte medlemmer i Studentsamfunnet i Sogndal. Ektefelle/sambuarar til dei nemnte har og høve til å verte medlemmer. Studentsamfunnet tilbyr halvt medlemskap til utanlandsstudentar og praksisstudentar som er i Sogndal delar av året.

§ 2.2
Medlem er alle som har gyldig medlemskort for inneverande studieår. Medlemskortet kan ikkje overdragast. Når ein nyttar seg av medlemsfordelane til Studentsamfunnet må ein vise gyldig medlemskort. Misbruk av medlemskortet fører til ekskludering.

§ 2.3 MeieriMaurteneste
Alle medlemmar i SiS skal delta som MeieriMaur ein gong i løpet av eit studieår. Dersom MeieriMaurteneste ikkje vert gjennomført vil dette medføra at ein mistar sitt medlemskap i SiS. Unntaka frå MeieriMaurtenesta er ansatte ved Lægreid Hotell, HSF, Vestlandsforsking, SISOF samt livsvarige medlemmar i SiS. Styret er ansvarlege for at det eksisterar eit konkret reglement.

§ 2.4
Medlemmer av Studentsamfunn ved andre høgskular og universitet har tilgjenge til arrangementa som Studentsamfunnet har ansvaret for, på same vilkår som medlemmer i Studentsamfunnet i Sogndal.

§ 2.5
Personar som ikkje er medlemmer har tilgjenge på enkelte arrangement, men lyt betala høgare billettpris enn medlemmer.

§ 2.6
Alle som har sete i styret i Studentsamfunnet i Sogndal gjennom ei heil valperiode, får livsvarig medlemskap i Studentsamfunnet i Sogndal.

§ 2.7
Styret i Studentsamfunnet i Sogndal har fullmakt til å innvilge livsvarig medlemskap til personar som har gjort ein særskild innsats for Studentsamfunnet i Sogndal.

§ 3. MÅLFORM
§ 3.1

Studentsamfunnet i Sogndal er ein organisasjon som er språkleg nøytral. Studentsamfunnet nyttar nynorsk og bokmål som likestilte målformer. Alt skriftleg materiell skal veksle mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent.
Alle innkomne skriv skal ha svar på målforma nytta i det innkomne skrivet.

§ 4. KONTINGENT
§ 4.1

Medlemskontingenten skal betalast ein gong kvart studieår. Kontingenten skal fastsetjast av Generalforsamlinga kvart år.

§ 5. GENERALFORSAMLING
§ 5.1 Mandat
Generalforsamlinga er det høgste organet i Studentsamfunnet i Sogndal. Den set opp retningsliner for komande periode.

§ 5.2 Samansetjing
Alle som kan vere medlem (jfr. § 2.) i Studentsamfunnet i Sogndal, har rett til å møte på Generalforsamlinga.

§ 5.3 Rettar til medlemmene
Medlemmer (jfr. § 2.) har tale- ,forslags- og stemmerett. Generalforsamlinga kan innvilge ein kvar deltakar talerett.

§ 5.4 Dagsorden
Generalforsamlinga skal handsame følgjande saker:
• Godkjenning av innkalling og saksliste
• Val av møteleiar og referent
• Årsmelding
• Rekneskap for føregåande rekneskapsperiode, kontingentsatsar i komande periode, etter innstilling frå styret.
• Eventuelle vedtektsendringar.
• Godkjenning av styret sin rapport frå arbeidet med handlingsplanen.
• Godkjenning av handlingsplan for komande styreperiode.
• Val av:
- Styreleiar
- Nestleiar
- Økonomiansvarleg
- Styremedlem Arrangement
- Styremedlem Drift
- Styremedlem Informasjon
- Styremedlem Kreativ
- Revisor
• Innkomne saker. § 5.5 Ikkje gjennomførd val
Dersom Generalforsamlinga ikkje får vald nytt styre, vert det vald 7 medlemmer av kontaktutvalet, som då fungerer som interimsstyre til ekstraordinær Generalforsamling er halde.

§ 5.6 Vedtaksmynde
Generalforsamlinga er vedtaksfør når medlemmene er innkalla på lovleg vis. Vedtak vert fatta med simpelt fleirtal dersom ikkje anna er vedtektsfesta.

§ 5.7 Tidspunkt
Ordinær Generalforsamling skal avviklast innan utgangen av april.

§ 5.8 Innkalling
Innkalling til årsmøtet skal gjerast kjent minst 21 dagar på førehand. Saker som ein ynskjer å ta opp skal vere styret i hende minst 14 dagar på førehand. Sakslista skal leggjast fram minst 7 dagar på førehand.

§ 5.9 EKSTRAORDINÆR GENERALFORSAMLING
§ 5.9.1
Dersom styret, eller minst 10% av medlemmene krev det, skal det sitjande styret utan ugrunna opphald kalle saman til ekstraordinær Generalforsamling.

§ 5.9.2
Krav om ekstraordinær Generalforsamling skal innehalde oversyn over kva saker som krev handsaming. Er det ikkje oppgjeve kva saker som skal handsamast, vert ikkje kravet om ekstraordinær Generalforsamling sett på som gyldig.

§ 5.9.3
Innkalling og utsending av saksdokument til ekstraordinær Generalforsamling skal sendast ut etter dei fristane som gjeld for ordinær Generalforsamling (jfr. § 5.8).

§5.10 Valforsamling
Trengs det utskiftingar i styret skal den haldast valforsamling i månadsskiftet november/desember. Valforsamlinga har status som ei generalforsamling, men har berre til oppgåve å velja styre. Innkalling og informasjon til valforsamling skal sendast ut etter same reglar som til generalforsamlinga.

§ 6. STYRET
§ 6.1 Funksjonstid

Styremedlemmar vert vald for eitt år. Styremedlemmar som ynskjer å sitja lengre i styret, kan etter eige ynskje stilla til attval for ein periode på eitt eller to semester. Styremedlemmar valde på generalforsamlinga trer inn i stillinga 1.juni. Styremedlemmer som vert valde på valforsamlinga trer inn i stillinga 15. januar, der ikkje anna er naudsynt av praktiske årsaker. Styremedlemmer som trer ut av stillinga etter vårsemesteret sit i stillinga til og med 31.mai. Styremedlemmar som trer ut av styret i haustsemesteret sit i stillinga til og med 14. januar der dette er mogleg. § 6.2 Styret består av:
• Styreleiar
• Nestleiar
• Økonomiansvarleg
• Styremedlem Arrangement
• Styremedlem Drift
• Styremedlem Informasjon
• Styremedlem Kreativ

§ 6.3 Mynde
Styret er det høgste organet mellom Generalforsamlingane og skal sørgje for at vedtak som vert fatta på Generalforsamlinga vert realisert. Styret fattar vedtak med simpelt fleirtal. Kvar av styremedlemmene har ei stemme. Ved likt tal på stemmer har leiaren dobbeltstemme.§ 6.4 DRIFTSUTVALGET
§ 6.4.1 Driftsutvalet sin samansetjing

Driftsansvarleg og nestleiar skal inngå i eit nytt driftsutval saman med  krovert. Krovert har rett til å møte, men ikkje plikt. Driftsutvalet er ikkje vedtaksdyktige utan at krovert er tilstades. Styret kan oppnemne ein ekstra til driftsutvalet. Styremedlem drift er leiar for Divisjon drift. Nestleiar er møteleiar for driftsutvalet.

§ 6.4.2 Driftsutvalet sine arbeidsoppgåver
Driftsutvalet skal avlasta styret i enklare og mindre politiske saker, og slik sett fungera som eit filter for styret. Dersom eit medlem i driftsutvalet ynskjer ei sak behandla i styret, hevast saka automatisk til handsaming i styret. Dei resterande medlemmane i styret kan ta opp saker vedrørande drift i styret.

§ 7. STRATEGI — OG HANDLINGSPLAN
§7.1 Strategiplan

Studentsamfunnet i Sogndal skal drive etter ein langsiktig strategiplan. Denne skal rullerast på Generalforsamlinga kvart 5. år.
Endringar i strategiplanen skal opp til vedtak på generalforsamling.

§ 7.2 Handlingsplan
Styret i Studentsamfunnet i Sogndal skal arbeide etter ein handlingsplan. Denne skal rullerast på generalforsamling kvart år.

§ 8. DIVISJONANE OG UNDERGRUPPENE
§ 8.1.1 Divisjonane

Studentsamfunnet i Sogndal har 4 divisjonar. Desse er:
• Divisjon Drift
• Divisjon Arrangement
• Divisjon Informasjon
• Divisjon Kreativ
I tillegg har ein økonomigruppa «Pengebingen», som fungerer som ei undergruppe for økonomiansvarleg og nestleiar. Gruppa skal fungere som hjelp for desse innanfor økonomiske rutinar, annonsesal og økonomiske tiltak i marknaden.

§ 8.1.2
Leiarane for divisjonane er; Styremedlem Drift, Styremedlem Arrangement, Styremedlem Informasjon og Styremedlem Kreativ. Desse har det operative hovudansvaret og det økonomiske oppfølgingsansvaret for divisjonane i Studentsamfunnet.

§ 8.1.3
Leiarane for divisjonane har også ansvar for initiering av og tilrettelegging for nye aktivitetar som naturleg fell under divisjonane.§ 8.1.4
Undergruppeleiarar vert valt demokratisk med alminneleg fleirfal av medlemmane i undergruppa, og deretter godkjent av styret.

§ 8.1.5
Leiarane for divisjonane har møte- og talerett på alle møter i divisjonen sine undergrupper.

§ 8.2 Divisjon Drift
§ 8.2.1

Divisjon Drift har desse undergruppene:
• Bar- og Vaktgjengen
• Kafégjengen
• Lyd- og Lysgjengen
• Vaktmestergruppa
• DJ-gruppa

Divisjon Drift har i tillegg MeieriMauransvarleg.

§ 8.2.2
Leiarane for undergruppene i Divisjon Drift vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Drift ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

§ 8.3 Divisjon Arrangement
§ 8.3.1

Divisjon Arrangement har desse undergruppene:
• Artisvert
• Festkulturgjengen
• Quizgjengen
• Veka

§ 8.3.2
Leiarane for undergruppene i Divisjon Arrangement vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Arrangement ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

§ 8.4 Divisjon Kreativ
§ 8.4.1

Divisjon Kreativ har desse undergruppene:
• Bandgruppa
• Dansegruppa
• Foto & Film
• Hobby og Spelgruppa
• Revy og teater
• Rollespel
• Studentkoret

§ 8.4.1
Leiarane for undergruppene i Divisjon Kreativ vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Kreativ ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

§ 8.5 Divisjon Informasjon
§ 8.5.1

Divisjon Informasjon har desse undergruppene:
• Arkiv- og Dokumentasjonsgruppa
• Pr-gruppa
• Røynda
• WWW – gruppa

§ 8.5.2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Informasjon vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Informasjon ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

§ 8.6 Divisjonsmøte
Kvar divisjon, med alle tilhøyrande undergruppeleiarar og tilhøyrande styremedlem, skal jamleg ha divisjonsmøter. Divisjonsmøta skal fungere som eit idé- og informasjonsforum.

§ 8.7 Evalueringsseminar
Styret skal ved slutten av kvart semester innkalle alle undergruppeleiarar til eit felles evalueringsseminar der det siste halvåret vert evaluert grundig. Dette seminaret bør og leggje planar for neste halvår.

§ 9. VALKOMITÉ
§ 9.1

Styret skal innan utgangen av februar setje ned ein Valkomité som skal førebu val på Generalforsamlinga. Om det trengs supplering til styret i november/desember, skal styret setje ned ein valkomite i oktober.

§ 9.2 Samansetjing
Valkomiteen skal vere samansett av:
• Minst to representantar frå kvart kjønn
• Ein førsteårsstudent
• Ein undergruppeleiar
• Ein representant frå ein ekstern studentorganisasjon i Sogndal.
• Det sitjande styret skal vere representert i valkomiteen, men ikkje som leiar i valkomiteen.
Valkomiteen konstituerer seg sjølv, og på første møte skal det vere val av leiar for valkomiteen.

§ 9.3 Arbeidsoppgåver
Valkomiteen skal seinast 14 dagar før Generalforsamlinga ha lagt fram lister med aktuelle kandidatar til dei forskjellige styrepostane. Alle aktuelle og interesserte kandidatar skal være med på lista. Valkomiteen rangerer desse etter eige skjønn. Generalforsamlinga kan krevje skriftleg val.

§ 9.4 Valkomiteen til val
Valkomiteen kan ikkje stille til val.

§ 9.5 Rapport
To veker etter generalforsamling skal valkomiteen levere ein evalueringsrapport av sitt arbeid.

§ 10. ALMINNELEGE AVGJERSLER
§ 10.1 Eksklusjonar

Ingen medlemmer av, eller sympatisørar for organisasjonar som står for eit klart nazistisk, rasistisk eller diskriminerande standpunkt, har høve til å bli medlemmer av Studentsamfunnet. Styret har rett til å ekskludere medlemmer som har eit slikt standpunkt, og enkeltpersonar som står for eller ytrar nazistiske, rasistiske eller diskriminerande standpunkt.

§ 10.2 Vedtektsendringar
Vedtektsendringar vert vedteke av Generalforsamlinga og må skje med 2/3 fleirtal. Generalforsamlinga avgjer tidspunkt for når vedtektsendringane skal setjast i kraft, og ikkje seinare enn 6 månader etter Generalforsamlinga. Vedtektsendringar som medlemmer vil fremma på Generalforsamlinga må sendast den daglege leiinga seinast 14 dagar før Generalforsamlinga. Berre vedtektsendringsforslag som er innlevert innan denne fristen kan takast opp på Generalforsamlinga.

§ 10.3 Oppløysing
Oppløysing av Studentsamfunnet i Sogndal kan berre skje med 3/4 fleirtal på Generalforsamlinga. Aktiva skal i så fall tilfalle Studentparlamentet til beste for studentane i Sogndal si velferd.

§ 10.4 Iverksetjing
Desse vedtektene trer i kraft frå 06. april 2011, og erstattar frå det tidspunktet gamle vedtekter.