Meieriet er studenthus og konsertscene i Sogndal, og opna for første gong dørene i november 1998.
Før Meieriet opna, hadde studentane brukt det som no går under namnet Gamlekroa, som hadde ein samla kapasitet på 123 personar, og ei takhøgde på ca 2 meter. Studentane jubla for opninga av eit massivt hus med 1000 kvm boltreplass!
Sogndal Meieri
Meieriet tek namnet sitt frå bygget sitt bruk i gamle dagar, då det faktisk var eit Meieri. Etter opninga av huset som studenthus hadde Studentsamskipnaden invitert gamle arbeidarar på ei omvisning på huset, slik at dei kunne sjå sin gamle arbeidsplass i nye klede. Smila var breie, og sentimentaliteten var stor. Det var ei flott stund.
Studentane har teke over bygget
Sidan den gong har Meieriet blitt brukt av studentane i Sogndal til mangt og mykje. Det er Studentsamfunnet i Sogndal som står for drifta av huset. Tusenvis av timar med frivillig arbeidskraft vert lagt ned på huset kvart år. Studentsamskipnaden har tilsett ein krovert som hjelpar til med drifta og sikrar ein viss kontinuitet.
Ei av landets beste studentscenar
I løpet av den korte, men svært så ambisiøse levetida, har Meieriet etablert seg som ei av landets beste studentscenar, og vart kåra til «Årets arrangør 2004″ av Rikskonsertane. Dette er me sjølvsagt svært stolte over!
Anten du er tidlegare student, ny student eller lokalbebuar i Sogndal er det meininga at Meieriet skal gje deg store musikkopplevingar, eit moro uteliv og ein andre heim.
Under følgjer ei liste over nokre av dei mange banda som har gjesta Meieriet, og som har gjeve befolkninga i Sogndal opplevingar frå scenekanten. For fullstendig oversikt over tidlegare program på huset kan du bla i kalenderen vår som strekk seg heilt tilbake til opninga i 1998.
|
|
|









