19. May 2013

Info

Studentsamfunnet i Sogndal (SiS) vart skipa 3.november 1973 har ein sidan den gong vore ein svært viktig for studentmiljøet og det studentsosiale livet i Sogndal.

I dag finn du SiS i Studenthuset Meieriet midt i Sogndal sentrum. Meieriet opna dørene i november 1998 og er mellom anna utstyrt med ein hovudscene (kapasitet 550), eit kafelokale, ulike kontor og lagerrom, øvingsrom for band, kostymelager for revy og festlokale i 3.etasje.

SiS vert leia av eit eige styre og er oppdelt i nærare 20 undergrupper som igjen har sine leiarar. SiS er ein frivillig organisasjon med kring 700 medlemmar som legg ned eit imponerande tal dugnadstimar kvart år for å halda huset ope og skapa ulike aktivitetar gjennom undergruppene.

Det er Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) som står for drifta av huset. Det vil seia dei står for alt sal av varer på huset og betalar husleige. SISOF har tilsett ein krovert i 100% stilling som står for den daglege drifta av huset.