Eit av dei sikraste tipsa for å forbetre kvaliteten på studietida di, er å bli med i ei av studentsamfunnet sine mange undergrupper. Undergruppene driv med mykje forskjellig, frå drift av bar og kafè, til framføring av revy, ja til og med rollespel.
Meieriet ville ikkje vore anna enn eit stort tomt hus dersom Studentsamfunnet i Sogndal ikkje hadde fylt huset med ivrige frivillige, aktivitetsgrupper og arrangørar. Meieriet er basert på frivillig drift, og kvart år vert det lagt ned tusenvis av dugnadstimar på huset slik at studentar og fastbuande i Sogndal kan nyta godt av eit variert kultur- og aktivitetstilbod.
Vil du bli med på dugnaden? Sjekk oversikten under og sjå om du finn ei gruppe du vil bli med i. Det er gratis å bli med for alle som allereie er medlem i studentsamfunnet. Er du ikkje medlem? Bli medlem her og no!
Divisjon Arrangement:
I denne divisjonen finn du dei som arrangerer store og små arrangement på huset. Alt frå store konsertar til karaoke. Denne divisjonen har følgjande undergrupper:
Artistvertane
Festkulturgjengen
Quizgjengen
VEKA
Divisjon Drift:
Drift er den største divisjonen i Studentsamfunnet og gjer det mogeleg å halde huset åpent. Dei betjener baren, syter for vakthald, held huset i orden, og mykje meir. Her finn du desse undergruppene:
Bar- og Vaktgjengen
Dj-gruppa
Kafègjengen
Lyd- og Lysgjengen
Vaktmeistergjengen
Divisjon Informasjon:
Studentsamfunnet har ein eigen informasjonsansvarleg som skal vere organisasjonen sitt ansikt utad, og syte for god informasjonsflyt innad i organisasjonen. I tillegg er vedkommande øvstkommanderande for PR-gruppa, Røynda, www-gruppa og Arkiv- og dokumentasjonsgruppa.
Pr-gruppa
Røynda
WWW-gruppa
Arkiv- og dokumentasjon
Divisjon Kreativ:
Denne divisjonen inneheld undergrupper for den som vil utfordre sin eigen kreativitet og oppnå små og store mål. Anten det er å spele konsert for fullt hus på Bandstand eller det er å hekle ein duk i godt selskap. Divisjon Kreativ har desse undergruppene:
Bandgruppa
Dansegruppa
Foto- og filmgruppa
Hobby og spel
Revy- og teatergruppa
Rollespel
Studentkoret







