I tillegg til at alle undergruppene ynskjer nye medlemmer velkomne, er det òg stort behov for undergruppeleierar. For å vera undegruppeleiar treng du ikkje å vera ein «ekspert» i det du driv med, men har du ein leiar i deg og ynskjer å engasjera deg i Studentsamfunnet, er dette ei gylden moglegheit. Ved å engasjera seg kan me blant anna lova verdifulle erfaringar og flotte minner. Ein får òg fordelar som billigare inngang på Meieriet og moglegheita til å vere med på sosiale internarrangement.
Desse undergruppene treng ein ny leiar:
- Dansegruppa: Har du ein dansar i deg eller har du lyst til å bli betre? Kanskje det er akkurat deg me treng!
- Koret: Er du ein liten sangfugl, eller synast det er artig å synge? Kanskje du har erfaring med å delta i kor eller har lyst å prøve noko nytt? Her er ingen hindringar!
- Hobby og spel-gruppa: Denne gruppa treng nytt liv og har mange moglegheitar! Er du kreativ? Har du ein hobby du vil halde på med i saman med andre, eller slå til med ein omgang spel på ettermiddagane etter endt lesing og studering på skulen? Berre kreativiteten set grenser!
- Arkiv og dokumentasjon: Er du ein kontrollfreak og likar å ha eit system? Eller er du berre ivrig etter å prøve noko nytt? Gruppa jobbar med å systematisere arkivmateriell for SiS og Meieriet.
- DJ-gruppa: Vil du vera med å spela musikk og bestemma kva som skal bli spelt på Meieriet? Du treng ikkje ha nokon spesiell erfaring, SiS tilbyr både kursing og bra utstyr.
Les meir om dei ulike undergruppene her !
Vil du bli UGL i dansegruppa, koret eller i hobby og spel-gruppa kan du sende ein mail til Benedikte på: kreativ@meieriet.no
Vil du bli UGL i arkiv og dokumentasjongruppa kan du sende ein mail til Åshild på: info@meieriet.no








