19. May 2013

Marthe Tefre, fjorårets «beste fadder»!

Marthe kom til Sogndal med trua på at ho skulle vera her i eitt år. Etter fadderveka vart ho overbevist om at Saftbyga var plassen og eitt år blei fort til tre. Om ei vekes tid har ho fullført ein bachelorgrad i Sosialt Arbeid og legg bak seg gode minner som student. Etter fadderveka i fjor fekk ho prisen som «Årets fadder» og vi har tatt ein prat med ho om korleis ho opplevde faddervekene og generelt studietida i Sogndal.


Kva er det kjekkaste med å vera fadder?
Det kjekkaste må vera å bli kjent med så mange nye folk. Dei beste venene eg har i Sogndal har eg fått då eg sjølv var fadder og fadderbarn. Det er veldig givande å vera med på å gi dei nye studentane ein god start og skape eit godt klassemiljø. I tillegg er jo sjølvsag alle arrangementa noko som er verdt å få med seg.

Kva er ditt beste minne frå då du var fadder?
Eg hugsar at eit av dei beste minnene er utviklinga fra den første dagen til den andre dagen. Den første dagen då fadrane står med plakatane står mange åleine og er ganske usikre, medan andre dag er dei tryggare på kvarandre og står meir samla i grupper. Sjølve opningsdagen er den beste, alt er så nytt og spennande. Fellesvorspielet før Club Meieriet og Quizen er òg døme på arrangement eg hugsar spesielt godt.

Har du tips til haustens fadrar?
JA! Først og fremst er det viktig å gi av seg sjølv. Det å vera fadder handlar heller ikkje berre om å finne vorspiel. Dagaktivitetane er minst like viktig som det som skjer på kvelden. Ein må òg hugse at fadderveka er for dei nye studentane og at det er dei nye studentane sine behov som skal ivaretakast. Fadderen kan sjølvsagt ta seg nokon glass, men eit fadderbarn går ikkje til ein fadder for å spørje om noko viss fadderen er overstadig berusa. I tillegg vil eg anbefale å vera minst èin fadder pr arrangement, både på dag og kveldsarrangementa. Det er lurt å lage ei nummerliste viss faddergruppa er stor. På denne måten blir fadderbarna delt opp på alle fadrane med tanke på til dømes telefonnummer. Fadrane må òg hugse å ha på fadder-tskjorta heile tida! Ein skal vera sliten etter to fadderveker.

Er du aktiv på Meieriet og meiner du dette er viktig?
Eg byrja i Bar&vakt og herifrå blei det berre meir. Eg har vore med i fotogruppa, kafègjengen og frivillig under Veka. Dette skuleåret blei eg undergruppeleiar i fotogruppa. Det er viktig å vera aktiv først og fremst for å møte studentar frå andre studier! Utan aktive har ein ikkje eit studenthus og utan eit studenthus har ein ikkje eit godt studentsamfunn. I tillegg har eg erfart i jobbsøkingsprosessen at det å vera frivilleg er bra å ha på CV-en. Gjennom å vera aktiv på Meieriet har eg òg delteke på fleire spennande kurs og fått mykje kunnskap.

Kva er det beste med å vera student i Sogndal?
Samhold! Og Meieriet. Eg har ikkje gått på folkehøgskule, men eg trur Sogndal kan minna om ein. Det er ein såpass lita plass og studentane går så tett opp i kvarandre. Eg likar at det er så lite, at til dømes dei fleste studentane går ut på ein plass.

Har du nokon tips til korleis ein kan få mest mogleg ut av studietida si?
Ein er her jo for å studera, men det er viktig å kunne hugse studenttida som nokon gode år. Å vera sosial er viktig.

Kva trur du at du kjem til å savne med å bu i bygd når du flyttar til storbyen?
Dei små avstandane. I Sogndal har ein alt på ein plass. I tillegg er det jo ein studentprega bygd, det er studentar over alt. Det kjem eg til å savne.