Har du eit godt bilete frå tida di i Sogndal? Eit bilete som viser kva Sogndal er for deg? Studentsamfunnet i Sogndal held i desse dagar på med å setje saman ein serie bilete som skal synast fram for dei nye studentane til hausten. Me har allereie ein haug med bilete frå konsertar og arrangement på Meieriet, men ynskjer å krydre med bilete frå aktivitetar og hendingar frå heile bygda. Me vil rett og slett vise fram alt det gode Sogndal har å by på! Dette kan vera alt frå bading i fjorden, toppturar, padling, shopping, strikkhopp, hekling til naturbilete og stemningsrapportar!
Bilete sendast på e-post til styreleiar@meieriet.no Merk e-posten med emnet: »sogndalsminne»








